Ein samtale med forfattaren

Om vass-skrekk og andre redsler

Ein samtale med forfattaren. Av illustratøren.

Kven er L. And? L. And er ei and med vass-skrekk. I dagboka skriv han om dette. På ulike måtar prøver han å kurere seg sjølv. L. And har spesialisert seg på løkkeskrift. Og så likar han godt å pynte i boka. Difor er boka handskriven.

Men, kven er Annlaug Auestad? Eg er fødd i 1965 og vaks opp i Sandeid i Nord-Rogaland (ei bygd ca midt mellom Haugesund og Sauda). Nå bur eg i Stavanger. L. And er mi tredje bok der eg har stått for både tekst og bilde. Men elles så har eg illustrert ganske mange bøker.

Er det meir me burde vite om deg? Nei. Trur ikkje det …

Altså – korfor skal me kjøpe akkurat denne boka, og kven er den for eigentleg? For det første er heile boka handteikna. Den tek føre seg emne som mange sikkert vil kjenne seg igjen i: som til dømes vass-skrekk, men òg andre redsler. Og tek eg ikkje feil så kan me òg lære eit og anna av L. And. Boka er for alle som har lært seg løkkeskrift.

MEN, L. And skriv på nynorsk. Er ikkje det vanskeleg å forstå då? Ja, L. And vik ikkje ein tomme på nynorsken. Han seier at alle som kan norsk forstår nynorsk: «det er lett».

Hmmm … men kor får me tak i denne boka? I bokhandelen. Og berre mas om dei ikkje skulle ha fått boka. Men det trur eg ikkje blir nødvendig. Å mase altså. Det går fint å kjøpe den hjå Wigestrand forlag også.

Til slutt: er denne boka sjølvbiografisk eller? Ja og nei! For L. And er boka høgst sjølvbiografisk. For meg er noko (truleg) basert på «verkelege» hendingar.

Forresten – kjem det fleire dagbøker frå L. And? Ja, det skulle ikkje forundre meg …

—————————

L. Ands Dagbok er skriven og illustrert av L. And og Annlaug Auestad.

Wigestrand forlag
ISBN: 9782-82-8140-1310
Boka er utgitt med støtte frå Norsk kulturråd.